Festivalsuksess på Trandal Blues.

Noregs tøffaste bluesfestival feira 10 år i starten av juli og serverte mellom anna Blues Brothers Band, Knut Reiersrud, Vidar Busk og BokkeReidars BluesBand m/ Side Brok. Det vart ei kjempehelg.

Vesle Trandal i Hjørundfjorden har 6 fastbuande (det ryktast at det skal bli 1-2 fleire i haust). Likevel er det her ein av dei tøffaste festivalane i landet vert arrangert. Festivalen vart starta i det små, men har på dei ti åra blitt eit trekkplaster både for artistar og publikum.

I løpet av dei 10 åra med Trandal Blues har BRBB delteke heile tre gongar - i år vart vi invitert som ei ønskereprise av konserten vi hadde for to år sidan saman med Skatebård og Runar frå Side Brok. Det vart ein særs kjekk kveld.

Her er kva ein kunne lese i avisene om kvelden:

Klaus Blø @ Bokkereidars // 12.07.17

Møre 11.07.17

Møre 11.07.17

SMP 10.07.17

SMP 10.07.17

Mørenytt 11.07.17

Mørenytt 11.07.17