Ønskereprise til Trandal Blues 2017

Når verdas vakraste bluesfestival no til sommaren feirar sine 10 første år er programmet delvis repriser frå det beste festivalen har presentert.

Ein slår på stortromma når ein skal feire sine første 10 år med blues på Trandal. Det byrja i det små og vaks seg fort stort. Med under 10 fastbuande og omkransa av høge fjell var det vel ikkje så mange som automatisk tenkte: "Ja, HER skal vi lage festival!". Men heldigvis var det nokon som tenkte slik, og no har ein altså ein tiåring med veksande besøkstal, mange solide program å sjå tilbake og verdens beste backstage for artistar..

BokkeReidars har vore med på festivalen to gonger før - og sist saman med gutane frå Side Brok. Den kvelden vart det kjempestemning og det har festivalen altså lyst til at publikummet skal på oppleve ein gong til. Laurdag 8. juli skjer det!

Elles er det verdt å nemne at festivalen er utvida med ein dag for å få med det originale Blues Brothers Band. Her er heile programmet: TRANDAL BLUES 17

Klaus Blø @ Bokkereidars // 14.02.17

Trandal 2014

Trandal 2014

Roald Jungård