Informasjon om feiringa på Chat Noir

I samarbeid med Sparebank 1 Søre Sunnmøre inviterer vi til 35 årsfest på sjølvaste Chat Noir i Oslo laurdag 26. august.

BRBB (BokkeReidars BluesBand) har vore aktive sidan 1983. For fem år sidan feira vi 30 år med pomp og prakt lokalt, no skal dei feirast i sjølvaste hovudstaden. Bursdagsbarnet vert ikkje åleine denne kvelden. Humorist Fredrik Steen frå Ulstein skal lose oss trygt gjennom kvelden, og som musikalske gjestar Side Brok, Vidar Busk, Beate Slettevold Lech (Beady Belle) og Palle "Groove" Wagnberg. Arrangementet er altså i samarbeid med Sparebank 1 Søre Sunnmøre, og det er dei som står for fordeling av billettane til denne kvelden, som er noko så usunnmørsk som 100% gratis. Informasjon om korleis du kan skaffe deg billettar finn du på eventen til arrangementet på facebook: HER

Dermed er det duka for ein sveitt og groovy kveld saman med BokkeReidars!

Klaus Blø @ Bokkereidars // 12.07.17